Sosial manipulering for 240 millionar kroner i Noreg ifjor

Det er 55 millionar kroner mindre enn året før, viser nye tal.

SOSIAL MANIPULERING: Nordmenn svindlet for 240 millioner kroner gjennom sosial manipulering i fjor. Foto: NTB scanpix
Lesetid 1 min lesetid
Publisert 12. mai 2022
Artikkelen er flere år gammel

Denne teksten står på nynorsk siden det er nynorskdagen 12. mai:

Av dette var 224 millionar kroner knytte til kontooverføringar og 16,6 millionar kroner til betalingskort, skriv Finanstilsynet i sin risiko- og sårbarhetsanalyse for 2022.

I analysen kjem det fram at sjølv om talet på svindelforsøk aukar, var svindla beløp i fjor lågare enn i 2020, då svindel ved sosial manipulering samla utgjorde 295 millionar kroner.

- Ei viktig årsak til nedgangen er truleg at bankane forhindrar ein stadig større del av svindelforsøka. Svindel gjennom sosial manipulering ser framleis ut til å vere den mest lønnsamme metoden for kriminelle, seier seksjonssjef i seksjon for IT og betalingstenester Olav Johannessen.

Svindel ved sosial manipulering, er der den som betaler er lurt til å setje i verk svindeltransaksjonen.

Også ved svindeltransaksjonar med kort er det store pengar i omløp. I fjor var det 147.000 slike transaksjonar, mot 205.000 i 2020. Trass i nedgangen auka tapa på kortsvindel med 9,9 prosent, til 162 millionar kroner i 2021.